-->

13. juni 2023

Flytrafikken er framleis ikkje «i rute»

Trafikken utanlands bidrar godt til den positive utviklinga med høg aktivitet 📷 Avinor

4,3 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i mai. Dette er 2 prosent fleire enn i mai i fjor, men 8 prosent færre enn mai i 2019, som var det siste normalåret før pandemien. Det har vore 64.480 flyrørsler i mai, 4 prosent færre enn i mai i fjor.
annonse


- Det samla talet på reisande aukar i mai samanlikna med mai i fjor, men det var nedgang i talet på reisande innanlands. Dette er trenden dei siste månadene. Trafikken utanlands bidrar godt til den positive utviklinga med høg aktivitet og gode tilbakemeldingar frå aktørane i marknaden, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise.

- Juni er månaden med flest forventa passasjerar gjennom året, og det er venta ein nedgang på berre 6 % mot 2019. Resten av året er det forventa noko svakare trafikktal, seier han.
 - Sjølv om passasjertala framleis er lågare enn før pandemien, er vi optimistiske for utviklinga inn mot sommarferien her i Noreg.
- Utsiktene over sommaren er svært usikre. Med ein krevjande økonomisk situasjon prega av inflasjon og rentehevingar, følgjer vi utviklinga tett og er spente på korleis hausten og vinteren vil arte seg for flytrafikken, avsluttar Skallerud Riise.

Flyrørsler
Det var 64 480 kommersielle flyrørsler i mai 2023. Dette er 4 prosent færre enn i mai i fjor. Om ein samanliknar med mai i 2019, har det vore ein nedgang i talet på flyrørsler på 7 prosent.

Passasjertal
2,5 millionar passasjerar reiste innanlands i mai. Dette er 6 prosent færre enn i mai 2022. Dette er andre månaden på rad at trafikken innanlands er lågare enn i fjor.

Trafikken utanlands har auka med 18 prosent samanlikna med i fjor, men er framleis 9 prosent lågare enn i mai 2019.

Hittil i år samanlikna med 2019
Om ein samanliknar talet på passasjerar så langt i år med same periode i 2019, ser ein at vi no ligg 13 prosent bak normalåret 2019. Flyrørsler hittil i år er 9 prosent bak 2019.

Flyging med drone
-Flyging med drone i Noreg aukar, seier Axel Knutsen, leiar for Avinor sitt droneprogram. - I mai vart 1317 flygingar med drone meldt inn i Ninox Drone - Avinor sitt system for handtering av dronar. Dette er ein auke på heile 94 prosent samanlikna med mai 2022. Så langt i år er auken 102 prosent samanlikna med i fjor.

www.osloairports.com | luftfart- og reiselivsnyheter | 2007 - 2024
uten kommersiell tilknytning til Oslos lufthavner
bruk av KI i redaksjonen
om oss   nettsidekart