Stord - Oslo blir anbudsrute fra 2024 📷 Pressebilde Stord lufthamn |
Samferdselsdepartementet har no lyst ut nye konkurransar om drift av regionale flyruter i Noreg og helikopterruta Værøy-Bodø (FOT-ruter). Stord - Oslo blir ein del av pakka frå 2024.
annonse
I dei nye avtalane vil maksimaltakstane på alle FOT-rutene halverast.
- Regjeringa følgjer med dette opp målet vårt i Hurdalsplattforma om lågare priser på kortbanenettet. Med dei nye avtalane vil folk og næringsliv i distrikta få betre tilgang til andre deler av landet og verden. Dette er bra for busetting og næringsliv, og for å skape vekst og utvikling i regionane, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Samferdselsdepartementet forventar at lågare prisar vil føre til fleire reisande. Difor er setekapasitetskrava på rutene auka med i snitt 12 prosent. Fordelinga av kapasitetsauken mellom dei ulike ruteområda er basert på faglege vurderingar av prisfølsemd. Samstundes er det stor uvisse om kva effektane blir på etterspurnaden. I kontraktane er det difor opna for å gjere tilpassingar i løpet av avtaleperioden om det oppstår behov for det.
I utlysinga er det tatt inn nye krav til utsleppsrapportering. Samferdselsdepartementet vil i tillegg krevje at operatøren innan utløpet av første driftsår gjer greie for korleis ein kan vise forventa CO2-utslepp og moglegheit for kjøp av klimakompensasjon for reisa i bestillingsaugneblinken.
– I utlysinga oppfordrar vi også til å fase inn null- og lågutsleppsfly så snart det er teknisk mogleg, seier Nygård.
Andre endringar som vil gjelde med nye kontraktar, er nye rutetidskrav mellom Helgeland og Bodø for å betre tilgangen til regionsjukehuset i Tromsø. Det vil også vere krav til nattparkert fly på Røros lufthamn for å auke regulariteten på ruta, og krav til minst 15 sete i helikopteret på Værøy-ruta for å oppretthalde kvaliteten i rutetilbodet.
Sosial berekraft
Sosial berekraft er eit av dei sentrale tema i luftfartsstrategien som blei lansert tidlegare i år.
- Som varsla i meldinga, vil regjeringa bruke FOT-anskaffingane aktivt til å gjere gjeldande lover og regler knytt til lønns- og arbeidsvilkår tydelege, og til å bidra til at reglane vert overhaldne og handheva, seier Nygård.
Både konkurransedokumenta og kontraktane omtalar difor no reglane i arbeidsmiljølova og forskrift om utsende arbeidstakarar (utsendingsforskrifta) som gjeld for konkurransen, samt nye føresegn som klårgjer grensa mellom arbeidstakarar og oppdragstakarar. I tillegg varslast det om at allmenngjorde tariffavtalar vil gjelde for kontrakten dersom slike blir inngått medan kontrakten løper.
Samferdselsdepartementet styrkar også eigne moglegheiter til å be om informasjon frå kontraktsparten om forhold knytt til lønns- og arbeidsvilkår.
Kontraktskravet om å følgje ILO-konvensjonens art. nr. 87 og 98 (kollektive rettar og fagforeningsrettar) samt avgrensingane i bruk av innleige av fly med personell (wet lease), blir vidareført.
I kontraktane og konkurransegrunnlaget er det stilt krav om at operatøren skal syte for å innhente synspunkt frå aktuelle fylkeskommunar og kommunar, samt lufthamnoperatør, i fastsettelsen av første ruteprogram og ved større endringar undervegs i kontraktsperioden.
Nye konkurransar
Alle ruteområda i inneverande avtaler blir vidareført som FOT-ruter i denne utlysinga. I tillegg er to nye ruter inkludert: flyruta Kirkenes–Tromsø og flyruta Stord–Oslo.
Kirkenes–Tromsø er ei viktig brikke i ei omlegging av rutestrukturen i Aust-Finnmark, der målet er betre tilgang til Tromsø og hovudstaden for befolkninga i Aust-Finnmark. Omlegginga, som har lokal forankring, inneber færre direkteruter og fleire korrespondansekrav. Flyruta Stord–Oslo er tatt inn fordi det kommersielle tilbodet på strekninga har vore svekka etter pandemien. Det skal vera minst 12 rotasjonar pr. veke. Maksprisen på ein flybillett ein veg er kr 1.191 på strekninga Sord-Oslo.
Konkurransane omfattar følgjande ruteområde:
Perioden 1. april 2024 – 31. oktober 2028 = ruteområde 1 - 14
Perioden 1. april 2024 – 31. oktober 2027 = ruteområde 15 - 24
- Ruter mellom Kirkenes, Vadsø, Vardø, Båtsfjord, Berlevåg, Mehamn, Honningsvåg, Hammerfest, Alta og Tromsø.
- Hasvik–Tromsø v.v., Hasvik–Hammerfest v.v. og Sørkjosen–Tromsø v.v.
- Lakselv–Tromsø v.v.
- Andenes–Bodø v.v., Andenes–Tromsø v.v.
- Harstad/Narvik–Bodø v.v., Harstad/Narvik–Tromsø v.v.
- Stokmarknes–Bodø v.v., Stokmarknes–Tromsø v.v.
- Svolvær–Bodø v.v.
- Leknes–Bodø v.v.
- Røst–Bodø v.v.
- Brønnøysund–Bodø, Brønnøysund–Trondheim v.v.
- Sandnessjøen–Bodø, Sandnessjøen–Trondheim v.v.
- Mo i Rana–Bodø, Mo i Rana–Trondheim v.v.
- Mosjøen–Bodø, Mosjøen–Trondheim v.v.
- Namsos–Trondheim, Rørvik–Trondheim v.v.
- Røros–Oslo v.v.
- Florø–Oslo v.v.
- Stord-Oslo v.v.
- Ørsta-Volda–Oslo v.v.
- Førde–Oslo v.v
- Sogndal–Oslo v.v
- Sandane–Oslo v.v.
- Ørsta-Volda–Bergen v.v
- Sogndal–Bergen v.v.
- Sandane–Bergen v.v.
Perioden 1. august 2023 – 31. oktober 2028
- Helikopterruta Værøy–Bodø v.v.